To elver renn gjennom landet you're, møtest der, og høgt fra ein mur Ser do opptog med faner og vimplar i vind; der elvene møtest skrid opptoget inn.

Eit bord med safirpynta beger av gull, hyller med kunnskap, rull på rull. Salar med strengespel , song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.

Så snør det i landet: gløymselsnø. Borte blir borga og gløymde dei brød. Som metta dei fem tusen munnar frå korg: Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.

Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.

Ei dør slår opp i den stille kveld, gjennom opningen anar do skinet av eld Og stemmer som vinden ber fram der do trør: Dette er noko do kjenner fra før.

Ei hand spelar terning i fakkelskin, ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin; Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør: Detter er noko do kjenner frå før.

Gløym slitet for glede og frykta for sorg; det er her, alt do treng, Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.

Sjå her er dagen som renn. Sjå, her stig sola for deg Sjå, her er korga med brød for alle, i borga i landet Ur.
Correct  |  Mail  |  Print  |  Vote

Borga I Ur Lyrics

Odd Nordstoga – Borga I Ur Lyrics