Glittertind - Flaumen G5r, I Norge Er V5r lyrics | LyricsFreak
Correct  |  Mail  |  Print  |  Vote

Flaumen G5r, I Norge Er V5r Lyrics

Glittertind – Flaumen G5r, I Norge Er V5r Lyrics

Flaumen gåare,
I Noreg er våare,
Bjørka sprett I dalom.
Dølakar
Traust og hard
Rydjer ferdregard.
Sjå kor det losnar I alle liom,
Skreda fer etter bergesidom.
Flaumen gåare,
I Noreg er våare,
Og dølan' er det som råare.

Frå fjellet rinn
Ein bekk så linn
Mellom stuv og steinar.
Av bekker små
Det vert ei å,
Fagrast du skal sjå.
Høyr kor det I vatnet susar,
Høyr kor det I fossen brusar!
Flaumen gåare,
I Noreg er våare,
Og dølan' er det som råare.

Lita å
Kan du forstå
Kor ho fekk slikt mæle?
Bekk som rann
Er vaksen mann.
Stans han, om du kan.
Ingen mann kan straumen vende.
Tømmer og hus det set han på ende.
Flaumen gåare,
I Noreg er våare,
Og dølan' er det som råare.

Bykar stram
På gata gåare fram,
Trur han skal oss lære.
Men ikkje eg
Fæare støkk av deg,
Sjølv eg råare min veg.
Bøndan' er ikkje lenger mjuke,
Husbondsretten, han vil me bruke.
Retten er våare,
Skulda er dåare
Å lyde Noregs kåare.

Om seint me kjem,
Så er det med klem.
Me vil garden rydja.
Bondemål,
Kvast som stål,
Gjev ikkje lenger tol.
Norsk mål vil me I Noreg hava,
Ikkje lenger med dansken kava.
Bondemål,
Kvast som stål,
Gjev ikkje lenger tol.

Blankt som gull
Og mjukt som ull
Er det norske målet.
Som sol på fjell,
Som blome-tjeld,
Som fuglesong om kveld.
Tusen års rot det hev I landet,
Tusen åare til så skal det stande.
Flaumen gåare,
I Noreg er våare,
Og dølan' er det som råare.

Sumar-sol
Skin på jord,
Så jonsok-blomen laver!
Læt frå koll
Lur over voll,
Og dølan' slæare på skjold.
Av skal ho hivast lurve-hetta!
Gullhjelm lyser I morgon-gletta.
Læt frå koll
Lur over voll,
Og dølan' slæare på skjold.

Harald verk
Fjellbonde sterk
Gjer no andre gongen.
Gamalt grjot
Av kjemperot
Endå hev manndom og mot.
Kome alle, ver med på ferda,
Så skal det spørjast I vide verda,
At Noregs mann
Gjekk på og vann
Atter sitt eige land.
Share lyrics
×

Flaumen G5r, I Norge Er V5r comments